PMK-2022_10038-PhD We are sinking 

PMK-2022_10038-PhD We are sinking 

Dette prosjektet er ein del av doktorgradsprosjektet We are sinking! What are you thinking about? som har til mål å utvikle fagspråkdidaktisk kompetanse, og med dette bidra til å styrke fagspråkopplæringa i maritim utdanning. Viktigheita ved å utdanne fagfolk for framtida, i tillegg til det aukande behovet for kvalifiserte fagutdanna i både norsk og utanlandsk sektor i eit tekstbasert samfunn, gjer at den yrkesretta kommunikasjonskompetansen og språkopplæringa i fagutdanninga bør få auka fokus. Forskingsfeltet for dette prosjektet er høgare maritim utdanning. 

Kva er formålet med og rolla til språkopplæringa i den maritime offisersutdanninga, og kva tilgangskompetanse skal denne gi? Tilgangskompetansen det er snakk om her er ikkje forstått som ein generell term, men tekstkompetanse ein må inneha for å kunne delta i den gjeldande diskursen, gjerne forstått som område- og fagspesifikk tilgangskompetanse, såkalla diciplinary literacy. Forsking omkring språk og tekst har lenge vore interessert i literacy, men det er forska lite på område- og fagspesifikk lese- og skriveopplæring i fagutdanninga, ei heller ikkje på det maritime fagfeltet. 

Maritim utdanning er eit spanande forskingsfelt mellom anna fordi Den internasjonale konvensjon om normer for opplæring, sertifikater og vakthold for sjøfolk, STCW, set mange premiss for innhaldet i utdanninga. Dette gjer at ho har internasjonal gyldigheit, og ein kan gjere samanlikningar med alle land som driv maritim utdanning.